Ingerid Samnøy

Sted: Vågshaugen 37, 5209 Os

E-post: strikkebutikken@hotmail.com  mobil 902 44 744

Ingerid Sværen Samnøy bur på Os sør for Bergen. Ho er utdanna innan sjøforsikring og jobba i den bransjen i 18 år. Men sidan mai 2007 har ho drive sin eigen strikkebutikk i Os sentrum og storkosar seg der.

Ho vart kjent med Rainbow Reiki i 2006 og var på sitt første kurs i februar samme året. Ho hadde aldri vore borte i den alternative verden før, og dette var derfor ganske så ”annerledes” enn det ho kjente til frå før. Det åpna seg opp ein ny verden som var både utfordrande og ikkje minst veldig spennande. Ho har deltatt på stort sett alle kurs som er blitt arrangert i Norge og Tyskland, og har lært fantastiske healingmetodar som ofte gir umiddelbare resultat.  Det har vore spennande å erfare korleis fysiske ”vondter” oftast har ein underliggjande psykologisk/spirituell årsak og at det er desse som må jobbast med for å bli kvitt plagene for godt.

Sidan Rainbow Reiki omhandlar heile mennesket, har ho også utvikla personligheten sin gjennom bl.a. Rainbow Reiki lærerutdanninga. Dette har ho hatt svært god nytte av når livet har gitt tøffe utfordringar; ho er i stand til å takla desse på ein mykje meir voksen og løysingsorientert måte.

Parallelt med Rainbow Reiki utdanning har ho dei siste åra også utdanna seg til White Feather Sjaman.